NRK produserer bestillingsverk for NHO

Eg hadde eit innlegg i Dagbladet 22. september 2016 der eg kritiserte NRK Sundagsrevyen for å produsera bestillingsverk for NHO.

Lønn på Lonevåg terminal
Lønn i Lonevåg

I tilsvar på dagbladet.no dagen etter forsvarar Anders Børringbo NRK sin einsidige reportasje om arbeidsavklåringspengar (AAP) i Sundagsrevyen 18. september. Han nemner at NRK har late fleire koma til orde i debatten om AAP i andre reportasjar.

Innslag med slagside

Det endrar likevel ikkje på at dette konkrete dagsrevyinnslaget hadde sterk slagside til føremon for NHO. Ein reportasje skal stå på eigne bein, med kritiske spørsmål og høve til båe partar å uttala seg. Alt dette mangla. Dersom NRK har produsert innslag med slagside hin vegen, gjer det knapt saka noko betre. Dei kan ikkje rekna med at alle får med seg alt, så mange vert då sitjande att med berre NRK si kritikklause attgjeving av NHO-versjonen.

Med dette in mente er det vanskeleg å skjøna kvifor NRK forsvarar det dei har gjort. Eller kanskje ikkje? Børringbo skriv: «Dessuten har NAV selv tatt til orde for å kutte i støtten fordi det for mange lønner seg med AAP fremfor å jobbe.» At NAV her har kjøpt retorikken til NHO og høgresida, er skandaløst, likevel vert også dette kritikklaust attgjeve frå NRK-hald. Dette sterkt nedsetjande uttrykket at det løner seg å gå på trygd framfor å arbeida, er trygdehatarane sin favoritt. Er det slik at det skal straffa seg mest mogleg å verta sjuk, og at dei som vert kronisk sjuke, mange livet ut, skal tena minst av alle, mindre enn dei mest underbetalte blant oss? Så kjem Børringbo med repetisjon av NHO-retorikken frå Sundagsrevyen: «Flere mener at AAP er en av de mest økonomisk gunstige ordningene hos NAV for de under 30.» Slik underminerer han vedgåinga av upresist ordval.

Børringbo peikar på moglege veikskapar ved AAP. At ordninga kan forbetrast, er neppe eit kontroversielt synspunkt. Men det er ein skilnad på å forbetra AAP, og det å avskaffa heile ordninga for dei under 30, som NHO ynskjer. Det må aldri godtakast at NRK gjer seg til mikrofonstativ for maktmenneske som trampar på dei nedst på rangstigen.

Erna Solberg støttar hatefulle ytringar frå sytete eks-minister

And sym i grønske i Mjøsvågen
And i Mjøsvågen

Erna Solberg si utskifting av statsrådar har fått eit troll til å visa sitt vonde åsyn. Torsdag 17. desember 2015 står dette på framsida av papiravisa til VG: «FrP-Eriksson etter avgangen: Har fått nok av NAV-sutring».

Saka står òg på vg.no.

Det gjekk fram av nyhendesendinga til P6 kl 17.30 same dag at Erna Solberg ikkje ville brukt dei orda, men at ho stør bodskapen til tidlegare arbeids- og sosialminister Robert Eriksson.

Og dét er oppsiktsvekkjande, etter Erna Solbergs tilsynelatande sterke engasjement mot hatefulle ytringar.

Etter framsida i VG mot NAV-brukarar, burde Solberg gått ut og fordømt hatytringane frå Robert Eriksson, viss ho skulle hatt noko truverd att i kampen mot nettopp slike ytringar. Å ikkje slå ned på slikt brunfarga botnrusk når ein vert intervjua om det, er det same som å støtta det. Det gjeld òg VG, som lèt seg forminska til mikrofonstativ for denne sytete dritungen.

Narsissisten

Eriksson si åtferd kan skildrast slik: «Buhu, Solberg gav meg sparken, difor trakkar eg på dei som står nedst på rangstigen.»

Furtinga er overtydeleg og pinleg, og syner at det å sparka Eriksson ut or regjeringa, er den beste avgjerda Erna Solberg nokon gong har teke. Likevel varte ikkje denne nyvunne visdomen lenger enn at ho langt på veg velsigna fråsegnene frå denne ynkelege narsissisten. For det er det han er. Sjå berre denne kvalme kommentaren frå VG-artikkelen:

Sitat:
Du tror det ikke den nysammensatte regjeringen vil klare å videreføre din kamp?
– Jo da, jeg tror de vil sluttføre det på en god måte, men jeg er redd for at ånden etter John Alvheim, som jeg har lagt til grunn, ikke i tilstrekkelig grad blir videreført: Jeg er redd for at Frp-stempelet blir visket ut og blir svakere med Høyre ved roret.
Sitat slutt.

Stormannsgalskap og namedropping i abnormt tospann: Her skitnar han til minnet frå John Alvheim ved å utnemna seg sjølv til åndeleg arvtakar. Robert Eriksson: Alvheim var ein heidersmann, det er ikkje du. Fyrstesida i VG tener som ei einaste stor åtvaring til potensielle framtidige arbeidsgjevarar: «Ikkje tilset denne fyren, her ser du fullt ut at alt handlar om han, og at han i furteanfall vil råka kundane dine om han vert oppsagd». Slik det plar vera for narsissistar, anten dei vert kasta ut or karaokebarar eller ikkje.

Så eg seier nok ein gong: Å gje Eriksson sparken, er den beste avgjerda Solberg nokon gong har teke. Men ho bør be om orsaking for at ho har sådd tvil om sitt eige engasjement mot hatefulle ytringar.

Eg vil presisera at eg ikkje meiner hatytringar skal vera forbodne, sjølv om dei er det etter straffelova. Tvert om, det er bra at trollet får lov å koma fram og syna sin styggedom for alt og alle. Me skal møta sånt med motytringar, eller ignorera det – ikkje ropa på politi og advokatar. Det samsvarar godt å fordøma suspekte ytringar, og likevel vera imot å forby dei.

«NAV-ere som kan, men ikke vil jobbe»

Sitat frå VG-artikkelen:
Han angriper sutrerne og NAV-ere som kan, men ikke vil jobbe.
– Folk må lære at det må skapes verdier. Livet er en kamp hvor du må slåss for å lykkes. Du kan ikke forvente at NAV stiller opp for deg, hvis du ikke først er villig til å yte og stå på.
Sitat slutt.

Problemet med denne utsegna er at det framstår som Eriksson veit skilnaden på dei som kan, men ikkje vil arbeida på den eine sida, og dei som vil, men ikkje kan på den andre. Ein må kjenna eit menneske svært godt for å kunna seia noko om dette, likevel tek han ingen atterhald.

Nok eit sitat frå VG/Robert Eriksson:
– Vi har en fattigdomsdebatt i Norge i dag, hvor enkelte hevder at det er synd på barna om de ikke får Playstation 4 eller iPhone 6 til jul. Det er ikke synd på unger som ikke får det.
Det er en skam at vi er kommet dit i Norge at listen ligger der?
– Ja, da blir jeg provosert. Det er hverken synd på foreldre som ikke har råd til å gi en Playstation, eller unger som ikke får det.
Sitat slutt.

Det er ikkje orda Eriksson nyttar som er spesielt stygge i seg sjølv, men forakta dette samla sett utstråler frå ein som har fått lov til å vera minister i to år, er motbydeleg. Sjølv om trollet Robert Eriksson berre er ein simpel etterplaprar: Arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen uttala seg tilsvarande stygt om NAV-brukarar i 2005, likevel valde Jens Stoltenberg å la han halda fram som statsråd. Han tagde og samtykte.

Erna Solberg har tidlegare skrytt over at ho kan stå oppreist i ein storm. Det er ikkje nødvendigvis ein aktverdig eigenskap når det vert para med manglande empati. Og det er dette det handlar om når ho ikkje vil distansera seg tydeleg frå dei haldningane hennar tidlegare statsråd gjev uttrykk for.

Arve Kirkevik, 18. desember 2015